PET-CT til Ålesund sjukehus
Foreninga sjukehuset vårt har samla inn 22 millionar kroner til PET-skanner på Ålesund sjukehus. No er innspurten i gang for å samle inn dei siste 8 millionane. Bli med på dugnaden!
PET-CT har blitt eit stadig viktigare verktøy for å avklare kreftsjukdom, og bruken er forventa å auke dei kommande åra.
Visste du at Helse Møre og Romsdal er det helseforetaket i Sør-Noreg som har lengst reiseveg til næraste PET-tilbod? Den lange reisevegen og ventetida den fører med seg, gir ei ekstra byrde for både pasientar og pårørande i vår region.
Ved å bli med på denne dugnaden bidreg du til at ein kan skaffe ei ny PET-CT skanner til Ålesund sjukehus. Den vil korte ned ventetida, redusere belastninga for familie, vener og kollegaer og ikkje minst; bidra til mykje raskare svar.
Foreninga sjukehuset vårt kom i stand etter initiativ frå Næringsforeninga sidan vi såg behovet for eit tverrpolitisk forum som også hadde fagleg tyngde. Vi treng eit forum som tenker strategisk og jobbar for eit sterkt helsetilbod i heile Møre og Romsdal, men med eit særskilt fokus på sjukehusa på Sunnmøre.
Innsamlinga til PET – CT skanner er eit konkret prosjekt som foreninga jobbar med, og målet er at Foreninga sjukehuset vårt skal klare å samle inn pengegåver til PET-CT skanner til Ålesund sjukehus før jul.
Dei treng di hjelp for å klare dette!
Torsdag 01.oktober blir det direktesending på smp.no frå Parken kulturhus med lokale artistar, kunstauksjon og et panel på 30 personar som deltar i en stor ringedugnad for å få fleire Sunnmørske bedrifter til å bidra. Målet er at denne aksjonen skal skaffe dei siste 8 millionane som trengs til sluttfinansiering av ny PET-CT Skanner til Ålesund Sjukehus.
Vi håpar mange tek telefonen og svarar positivt!
Dersom du vil bidra kan du allereie no gå inn på spleis.no/folkeaksjon eller benytte foreninga sitt GIVERSKJEMA
Hjelp Foreninga sjukehuset vårt med å nå målet, og tips gjerne fleire bedrifter, kollegaer og vener!
Følg også gjerne med på facebook.com/sjukehusetvaart