No kan lokale verksemder søke kompensasjon grunna korona
Ålesund kommune har fått tildelt midlar som skal kunne avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Søknadsfrist er 6. april 2021.
Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
«Det er svært gledeleg at vi har fått desse midlane frå staten. Eg håper at dette vil hjelpe våre lokale verksemder som ikkje har fått stønad før og at dei no sender inn søknad. Vi ønsker eit varierande næringsliv som er med på å legge til rette for både næringsutvikling og samfunnsutvikling i vår kommune» seier næringssjef Inger Synnøve Remme
Dette er dei som kan søke
- Lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
- Lokale verksemder som har hatt kostnader eller tap som følgje av smittevernstiltak og nedstenging.
- Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiseliv som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt.
- Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Ålesund kommune
Kommunen har betydeleg fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.
Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no
Søknadsfrist er 06. april 2021
For spørsmål ta kontakt med:
Næringssjef, Inger Synnøve Remme
Mob.: 994 24 139
E-post: inger.synnove.remme@alesund.kommune.no