Næringslivet trenger 04:55 båten fra Hareid
Fra 1. januar ble den første avgangen med hurtigbåt Hareid - Valderøy - Ålesund på hverdager (04:55) tatt bort. I praksis betyr det at mange ikke når de tidligste flyavganger fra Vigra, inkludert KLM sitt morgenfly som starter opp igjen 1. april.
Det er ordførerne i 7-stjerna, Sunnmøre regionråd og Næringsforeningene på Søre Sunnmøre (NæSS) som har kommet med krav om at denne må tilbake i rute. Næringsforeningen Ålesundregionen stiller oss også bak dette.
Under ser dere argumentene for opprettholdelse av tidlig avgang:
I hurtigbåtsambandet Hareid–Valderøya–Ålesund vart den første avgangen frå Hareid på kvardagar, klokka 04.55, fjerna frå 1. januar 2024. Det gir dei reisande og næringslivet på søre Sunnmøre store utfordringar med å rekke dei fyrste flyavgangane frå Vigra. Og vi vil på det sterkaste oppmode om at 04.55-avgangen snarast kjem på plass igjen.
Med hurtigbåtavgang klokka 05.45 frå Hareid, er det ikkje mogleg å nå flyavgang frå Ålesund lufthamn til Bergen 06.20. Det vert også svært knapp tid for å nå avgangane til Oslo 06.50, og det vert ikkje tid til å sjekke inn bagasje. Det er heilt uakseptabelt at det i praksis vert gjort umogleg å nå dei første flyavgangane på Ålesund lufthamn med kollektivtransport frå Hareid.
For næringslivet på søre Sunnmøre er det svært viktig å ha gode samband til rett tid mellom Hareid og Ålesund lufthamn, ikkje minst tidleg om morgonen. Dette må til for å nå destinasjonar både nasjonalt og internasjonalt. Vi har fått eintydige tilbakemeldingar frå næringslivet om vanskane dei får både økonomisk og praktisk dersom dei vert avskorne for å bruke den mest effektive måten å nå første fly frå Vigra på.
Tilbakemeldingane frå næringslivet peikar på fleire moment:
- Reisande rekk ikkje første fly til Bergen.
- Reisande rekk då heller ikkje fly frå Bergen til Aberdeen som er brukt av mange sjøfolk og andre innan offshore.
- Fleire vil køyre bil til Vigra. Det gir meir trafikk og unødvendig bruk av kapasitet på taxi.
- Ein rekk ikkje første avgang med Widerøe til Bergen klokka 06.20.
- Dersom ein tek første hurtigbåt klokka 05.45 og buss til Vigra, rekk ein 06.50-flya til Oslo, men ein rekk ikkje å sjekke inn bagasje. Det er stengt når ein kjem, så skal ein ta dette flyet, må ein enten køyre til Vigra eller reise kvelden før og overnatte.
- Det er avgrensa med overnattingskapasitet på Vigra.
- For eit reiarlag vil det koste mellom 100 000 og 150 000 kroner å sende eit båtmannskap dagen før for at dei skal kunne ta morgonflya og kome seg ut i verda.
- Alle bedrifter vil få auka kostnader med drosje med meir dersom nokon må reise med tidlege flyavgangar.
- Når flyet til KLM som går klokka 06.30 kjem tilbake i sommarmånadane, vil ein ikkje kunne ta dette utan å køyre bil eller reise til Vigra kvelden før.
- Dette kan føre til færre passasjerar på desse rutene, som igjen kan føre til nedlegging.