Eld365 gjer berekraft tilgjengelig for store og små
Er du interessert i å tenke miljø og spare strøm? Da er vårt medlem eld365 verdt å snakke med.
Bjørn Tennø har jobba som elektriker i Ålesund og omegn sidan 2014, han såg tidleg potensialet for energisparing for små og mellomstore verksemder, men og at det ikkje lønar seg å spare fordi løysingane er for dyre, krav til kompetanse og ledige ressursar er for høgt.
Her starta gründereventyret eld365, som står for energi, leiing og drift 365 dagar i året. Ei verksemd såg dagens lys som ville både utvikle og bruke teknologi på ein måte som gjorde sparing billeg og enkelt nok for dei minste og travlaste bedriftene, men og ein forretningsmodell som kunne være eit alternativ til dyre rådgjevingstimar og rapportar som berre havnar i skuffa – som Bjørn hadde sett utallige gongar.
eld365 bistår i dag verksemder både i det private og offentlege med sparing. Dei foretek ei befaring og finn det dei kallar for straumtjuvar umiddelbart. Her kan tiltak hjelpe verksemder og spare pengar same dag som eld365 kjem på besøk. Eld365 identifiserar kvar det er mest å hente og installerer sensorar og automatisering for at verksemda skal sleppe å gjere noko sjølv. Dei smarte tiltaka blir styrt av teknologi og er under konstant overvakning og leiing av Bjørn og teamet hans.
Forretningsmodellen er unik, men enkel. eld365 tek berre betalt for ein del av det du sparar i ein periode før kunden kan ta all gevinsten sjølv. På denne måten er det ingen ekstra kostnad for kunden, berre sparing.
“Mange trur ikkje at det er så enkelt, men det er det” seier Bjørn. “Verksemder har ikkje tid til å lære seg og drive med slike driftstiltak, det er tidkrevande å tilegne seg kompetanse og utan teknologi nestan umogleg å gjere sjølv. Vi kjem inn og støttar verksemda med kompetanse og gjennomføring”.
“Dette ser vi verkar” - kommenterer Bjørn.
eld365 har hjelpt verksemder med å redusere energiforbruket med godt over 20% både i industri- og kontorbygg. “vi synes det er veldig kjekt å hjelpe versemder å spare der dei kan.”
eld365 ser også at der er ein tydeleg samanheng mellom energi, innemiljø og berekraft. “Våre sensorar veit når lufta er forurensa eller bra, når temperaturen er for høg eller lav og når anlegg er i bruk eller ikkje” seier Bjørn. “Slik kan vi gjere innemiljøet endå betre for dei som er der samtidig som vi reduserer energiforbruket”.
All energisparing er berekraftstiltak. Vi hjelper med både energi, innemiljø og berekraft i same tiltak. “Dette er gøy” - avsluttar Bjørn.
Sjå https://www.eld365.io for meir info.