Dei har fått ny dagleg leiar
– Eg har hatt Sporstøl Arkitekter som ein fantastisk arbeidsplass i over 20 år, og ser fram til å få vere
med på å fortsette å utvikle kontoret vidare. Det er mykje spennande som skjer i nærområdet vårt
og vi ser lyst på framtida, seier Ingvill Arhaug Bovill ifølge pressemelding.
Styret i Sporstøl Arkitekter AS har vedteke å tilsette Ingvill Arhaug Bovill som ny dagleg leiar. Ho
tek over frå Bjørnar Sporstøl som har vore dagleg leiar sidan 2015. Bjørnar vil framleis vere fagleiar
innan planarbeid og ha administrative oppgåver i bedrifta.
– Eg har hatt Sporstøl Arkitekter som ein fantastisk arbeidsplass i over 20 år, og ser fram til å få vere
med på å fortsette å utvikle kontoret vidare. Det er mykje spennande som skjer i nærområdet vårt
og vi ser lyst på framtida. Det gir meg stor glede å framleis ha nær kontakt med kundane våre og
forme gode bygg og områder. Derfor skal eg fortsette å vere med på den kreative prosessen i lag
med den dyktige og entusiastiske gjengen i Sporstøl Arkitekter, seier den nye daglege leiaren.
Ingvill er utdanna sivilarkitekt frå NTNU (2000), og har vore tilsett i Sporstøl Arkitekter sidan
2003. Ho har vore fagleiar for Arkitektur i firmaet i fleire år, og kjenner faget, prosjekta, kundane,
samarbeidspartnarar og dei tilsette godt. Med bakgrunn i dette, samt ønsket om både kontinuitet
i firmaet og ei ytterlegare synleggjering av arkitektfaget meiner styret at firmaet er i gode hender
også framover med denne tilsettinga.
Om Spørstøl Arkitekter:
Sporstøl Arkitekter AS vart starta i 1991 av Roald Sporstøl som ei familiebedrift, der Roald, Kristian,
Arnfinn og Bjørnar Sporstøl har stått for den daglege drifta fram til no.
Roald sin visjon var å etablere eit arkitektkontor med hovudkontor på Søre Sunnmøre, og at dette
skulle styrke arkitekturen i vårt område. Kontoret har vakse jamt og trutt og har i dag 17 tilsette,
fordelt på kontora i Ulsteinvik og Ålesund.
Hovudvekta av Sporstøl Arkitekter sitt arbeid ligg innanfor arkitektur, og kontoret har vorte ein
stor bidragsytar på dette feltet. Tenestene vi tilbyr omfamnar også plan- og regulering, ansvarleg
søkjar, landskapsutforming, interiør-arkitektur, prosjektadministrasjon og no dei siste åra har vi
også tilsette med høg kompetanse på berekraftige bygg og løysingar.