Åpent folkemøte på Nordøyane
Tirsdag 27. februar | Samfunnshuset på Longva |
Korleis bør vi løfte reiselivet på Nordøyane? Vi inviterer til åpent folkemøte.
Felles satsing på reiseliv
Næringsforeningen - Ålesundsregionen, i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Møre og Romsdal fylkeskommune, står saman bak eit prosjekt som skal samle og mobilisere Nordøyane i ei felles satsing på reiseliv.
Prosjektet skal knyte aktørar med felles interesser saman. Det skal skape nye aktivitetar og opplevingar for turistar i kommunane og på tvers av øyane.
Folkemøtet er for alle interesserte på Nordøyane. Alle er velkomne på møtet, både privatpersonar, lag og kommersielle aktørar.
Kvifor, kva, kvar, når, kven og korleis ?
På folkemøtet tek vi utgangspunkt i desse spørsmåla:
- Kvifor treng vi turistar?
- Kva har vi å tilby?
- Kvar og når vil vi ha turistar?
- Kven vil vi invitere?
- Korleis får vi tak i dei?
Diskusjon og innspel
Tilhøvet mellom bærekraft og utvikling er og eit tema for møtet. På folkemøtet blir det diskusjon og høve til å gi innspel til den vidare prosessen. Det vil ikkje bli konkludert noko på møtet, men alle innspela som kjem blir noterte og tekne med vidare. Bakgrunnen for prosjektet vert presentert.
Eit mål for prosjektet er at tilboda og attraksjonane ikkje berre vert utvikla for turistar, men for lokalbefolkninga òg. Slik kan lokalsamfunna verte meir attraktive og busettinga auke – under parolen «Ein god stad å bu og arbeide er ein god stad å vere gjest!»